Tilbake til oversikt

iKuben tildelt NCE-status

17.10.2017
Av:
Gry Helene Stavseng

iKuben fekk måndag 16. oktober status som Norwegian Centre for Expertise (NCE). Som ei av medlemsbedriftene stiller vi i Gagn oss med glede i den lange køa av gratulantar.

Næringslivet og andre aktørar som deltek i klyngesamarbeidet iKuben har over tid bidrege til at Nordvestlandet denne veka har fått eit NCE-punkt på kartet. NCE-statusen vart gjeven til ei tverrindustriell klynge, og det er Innovasjon Norge, SIVA og Forskningsrådet som står bak programmet Norwegian Innovation Clusters, der NCE inngår.

Honnør går til iKuben sitt fokus på digitalisering, berekraft og rask omstilling hjå per i dag 46 innovative aktørar. Desse kjem frå ein internasjonal industri i Møre og Romsdal, ei klynge som også har med aktørar frå forskning og akademia, samt bedrifter frå Innlandet og Oslo-regionen.

Digitalisering er eit spennande felt i ei rivande utvikling, og der dei fleste har utfordringar som skal løysast frå ulike ståstader. Status som NCE vil legge ytterlegare til rette for at aktørane gjennom dette klyngesamarbeidet oppnår enno betre resultat framover, med dei ringverknadane dette har for samfunnet vi alle er ein del av. Det er no opp til både iKuben, og vi som medlemsbedrifter å skape synergiar av moglegheitene klyngesamarbeidet skal gje.

Her er frå tidlegare av GCE Blue Maritime Cluster, arenaklyngene Blue Legasea og Norwegian Rooms. Desse, saman med iKuben, representerar næringar som står framfor store endringar i tida som kjem. Overgang frå arena-status til NCE-status hjå iKuben bør føre til eit enno sterkare fokus også på tverrfagleg samarbeid og endring i regionen vår.

Her er ingen grunn til å kvile på laurbæra, vi i Gagn har bretta opp ermane, og er klare til å bidra i løftet knytt til auka digitalisering, berekraft og rask omstilling i regionen vår – endringar som skal skape verdiar inn i framtida.

Gratulerer med NCE-status til iKuben, til støttespelarane og ikkje minst til alle medlemsbedriftene. Saman skal vi på kvar våre måtar bidra til utvikling.

Ta kontakt for mer informasjon

Gry Helene Stavseng
Prosjektleder Consulting
+47 917 78 545
gry@gagn.no
Tilbake til oversikt
Heading

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, eros dolor interdum nulla, ut commodo diam libero vitae erat. Aenean faucibus nibh et justo cursus id rutrum lorem imperdiet. Nunc ut sem vitae risus tristique posuere.